Årets misjonsprosjekt (2020-2021): Luftambulanse på Papua Ny-Guinea

Kvart år veljer elevane på Framnes KVGS eit misjonsprosjekt som dei ynskjer å samla inn pengar til. I år vart det Mission Avation Fellowship (MAF) sitt prosjekt Luftambulanse på Papua Ny-Guinea som fekk tilslaget. Misjonsprosjektleiarar på Framnes er Miriam Braseth og Amalie Bø.

På grunn av koronapandemien og smitteverntiltaka har årets misjonsprosjekt ekstra utfordringar i samband med dei tradisjonelle inntektsgjevande arrangementa. Difor er det ekstra fint om me nyttar høvet til å støtte prosjektet jamnt og trutt gjennom skuleåret. Har du høve til å gje ei gåve, så finn du info om betaling her:

Vipps: 535697    el. konto: 3530.26.00137       merk gåva med “Misjonsprosjekt skuleåret 2020/2021”

Prosjektet på Papua Ny-Guinea går i hovudsak ut på å fly og evakuere menneske til næraste sjukehus. Det er alt frå sjuke born og ungdom til kvinner med fødselskomplikasjoner, eller menn som er utsett for ulukker. Det offentlege helsevesenet har ikkje råd til å tilby luftambulanse for å hjelpe menneske som bur langt inne i fjelljungelen. Menneskeliv vert redda kvar veke. Rask og rett hjelp er heilt avgjerande for utfallet av ein akutt sjukdom eller skade. MAF har blitt ei viktig livline for innbyggarane, og på denne måten bringar me håp og nestekjærleik til menneske som elles ikkje hadde fått den livreddande hjelpa.

MAF har lang erfaring på Papua Ny-Guinea, og brukar i dag småfly for å nå fram til avsidesliggjande stader. Organisasjonen flyg om lag 500 ambulanseoppdrag i året i dette landet som ligg nordaust for Australia.

MAF er ein tverrkyrkjeleg internasjonal organisasjon som driv med bistandsflyging og naudhjelp. I år er det 75 år sidan MAF starta – først heilt i det små, men med eit stort diakonalt oppdrag. I dag driv MAF eit omfattande hjelpearbeid mange stader i verda.

I 2019 hadde MAF 131 fly. Flåten består av 13 forskjellige flytypar, der Cessna 206 står for ein stor del av den samla flåten. Denne flytypen brukar det relativt dyre drivstoffet Avgas, og MAF jobbar intenst med å fornye flåten sin.
Dei nye flya som gradvis vert fasa inn, er Kodiak 100 Quest og Cessna 182 CMA og Cessna Caravan, som begge går på drivstoffet Jetfuel – som er billegare.

Les meir om MAF her:

Du finn også mykje info om MAF på Facebook!

Ver med og støtt eit livsviktig prosjekt!