Nokre fritidstilbod i Kvam:

NORHEIMSUND OG ØYSTESE UNGDOMSKOR:
Ungdomskoret er eit fint tilbod til deg som likar å syngja. Koret har øving ein gong i veka og opptrer på nokre konsertar. For nærare informasjon sjekk ut: http://www.bedehusweb.no/ungdomskor/

ORIGO UNGDOMSKLUBB
Origo er ein ungdomsklubb med fokus på sosialt fellesskap og ein andakt. Dei arrangerar spelekveldar, ”gospelnight” og diverse andre aktivitetar. Supert tilbod for deg som likar å vera sosial. Heimesida deira er: www.origo-ungdomsklubb.no (Tidlegare http://www.origo-ungdomsklubb.no/)

KRIK KVAM
På KRIK får du driva med diverse sportsaktivitetar, samstundes som du får ha det sosialt og morosamt i eit triveleg miljø. Vil du vita meir: http://www.bedehusweb.no/krik/ (tildigere www.krikkvam.net)

RIDING
15 minutt med bil frå Framnes finn du Børve. Børve er eit stort hestesenter med 50 hestar. Her er det mogleg å ri, både for erfarne og mindre erfarne ryttarar. For nærare informasjon sjekk ut heimesida: www.borvegard.no

BASKETBALL
Ein gong i veka er det basketballtrening i Øystese, ti minutt med bil frå Framnes. Her kan både folk som kan spela frå før, og folk som vil læra seg det, ha det morosamt saman.

FOTBALL
Fotball er svært populært i Kvam. Me har fleire fotballag både for jenter og gutar. Treningane er på kunstgrasbanen i Norheimsund. Sjå www.norheimsund.no

Andre tilbod i Kvam

Golf
Bowling
Segling
Volleyball
Korps
Klatring
Kajakk