Skip to content

Velkommen til foreldredag laurdag 11. februar!

PROGRAM FOR DAGEN vert slik:     (Elevane har obl. undervisning på føremiddag)

Kl. 11.30 – 13.00 Fellesamling i Framnes Arena 

Ord for dagen, elevinnslag og orientering 

NB! Forskjellig program for VG1, VG2 og VG3

VG1-VG2 

Kl 13.05 – 14.05 Klassemøte (foreldre og elevar) leia av kontaktlærar, i klassen sitt kl.rom

Middag etter klassemøta for vg1/vg2 og foreldre

Kl 14.30 – 18.30 Elevar m/foreldre kan møte kontaktlærar el. andre. Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar (sjå vedlegg) 

VG3 

Kl. 13.00 Middag 

Kl. 13.30 – 14.30 Klassemøte (foreldre og elevar) leia av kontaktlærar, i klassen sitt kl.rom

Kl. 14.30 – 18.30 Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre. Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre – sjå vedlegg! 

GJELD ALLE KLASSETRINN 

Kl. 15.00 – 17.30 Foreldrerådsmøte – rom 7. (Me kan slutte tidlegare, dersom me vert ferdige.) 

Det blir kafeteria og BASAR i Framnes Arena frå kl 15.15 v/misjonsprosjektet

Måltider: 

Kl. 13.00 – 15.00 Middag 

”    18.45 – 19.30 Kvelds 

Pris for middag (påfyll er gratis, kvelds er inkludert) 

Vaksen: 100,- 

Born: 50,- 

Familie: 200,- 

NB! Me bed om innbetaling til vipps 553173 evt kontonr 3000.17.21034. Merk betalinga: Mat foreldredag 

Frist for betaling 16. februar. 

Skulen har dessverre ikkje ledige rom til overnatting for dei som ønskjer å vere heile helga. (Familie kan sjølvsagt bu på elevrom.) 

Treng de overnatting, kan de tildømes ta kontakt med: 

Vågen rom og hytteutleige, Vikøy tlf 93 40 06 

Thon Hotel Sandven, Norheimsund « 56 55 20 88 

 

Faste arrangement gjennom året:

Foreldrelaurdag i overgangen oktober/november:
Fellessamling kl. 11.45. Varer ca. 1 time.
Klassesamlingar («langt») og Foreldrerådsmøte etterpå.
Foreldre kan tinga samtale med kontaktlærarane og evt. andre.

Foreldrelaurdag i starten av februar:
Fellessamling kl. 11.30. Varer ca. 1,5 timar.
Klassesamling («kort») og Foreldrerådsmøte etterpå.
Foreldre kan tinga samtale med kontaktlærarane og evt. andre.

Avslutningsfest for Vg3 i juni:
Festmiddag kl. 16.00.
Fest i idrettshallen etterpå.