Skip to content

Skapar aktivitet og trivsel for elevane

Viljar Utvik, Oda Føyen, Mats Berge og Margit Joranger skal leggje til rette for eit godt miljø for elevane på Framnes. Det klarar dei garantert! Dei fire entusiastiske miljøarbeidarane skal rett og slett skapa liv, aktivitet og trivsel dette skuleåret. Dei er allereie godt i gang med arbeidet.

Mange aktivitetar
Me har snakka med Viljar Utvik, som får æra av å representere miljøarbeidarane i dette intervjuet:
– Kva går arbeidet ut på?
– Vår jobb er å aktivisera elevane på ettermiddagstid. Me arrangerer møter på onsdagar og søndagar, KRIK på torsdagar – og varierer elles med større arrangement i helgane. Me har mellom anna arrangert «Oskar-filmprisutdeling», «farmenhelg», måling i peisestova og ei lang rekke turneringar i ulike idrettar.

Tryggleik
– Kvifor ville du bli miljøarbeidar?
– Tre av oss har gått på Framnes, og hovudgrunnen til at me takka ja til denne utfordringa er at me treivst så godt på skulen som elevar at me no ønskjer å gje noko tilbake. Me vil at dagens elevar skal få den same trygge, gode opplevinga, som den me hadde.
Viljar er overtydd om at dei andre har den same oppfatninga.
Mats har ikkje gått på Framnes, men er minst like gira på å gjera ein god innsats. Kanskje han i tillegg får med seg ein del av «Framnes-følelsen», den som dei tre andre hadde med seg inn i jobben?

Hektisk start
– Korleis har det første skulehalvåret vore?
– Det har vore ein hektisk start, med mange nye vennskap og mykje på programmet. Men elevane er engasjerte, og mange deltek på arrangementa. Det set me stor pris på!
Viljar kan trekke fram mange gode sider ved det å vera miljøarbeidar.
– Det kjekkaste med å vera miljøarbeider er å få lov til å bli kjent med så mange forskjellige elever, og det å få sjå folk vekse på  ulike måtar og områder i livet. I tillegg er det veldig kjekt å få lov til å leike og konkurrere med dei. Konkurranseinstinstinktet er sterkt på Framnes!
– Kva planar har de framover?
– Me skal i alle fall skapa julestemning så det syng, framover! Me skal også laga ein plan for halvåret etter nyttår.