Prisar skuleåret 2019/20

Prisane er oppgjevne pr månad. Skuleåret er på 10 månadar.

Skulepengar 2019/20
Det er litt ulike satsar fordi det er noko dyrare å drive idrettsfag enn studiespesialisering. Elevar som tek studiespesisalisering i kombinasjon med idrettsfag betalar foreløpig litt meir.
Alle må i tillegg til skulepengene betale eit husleigetilskot på kr. 450,- pr. mnd., jfr. Forskrift til privatskolelova §10-1.
Studiespesialisering kr. 1590,- + kr. 450,-
Studiespesialisering med idrett kr. 1630,- + kr. 450,-.
Idrett kr. 1740,- + kr. 450,-.

Prisar for internatet 2019/20
Store enkeltrom m/bad: kr. 6.290,- til kr. 6.420,- pr mnd.
Store enkeltrom u/bad: frå kr. 5.850,- til kr. 6.290,- pr mnd.
Små enkeltrom: frå kr. 5.750,- pr mnd.
Dobbeltrom: u/bad og m/bad: kr. 5.290,- til 5.630,- pr mnd. pr person.

Stipend i Lånekassen
Eleven som bur på internat har rett på bortebuarstipend (i 2018-19 ca 46.000,- pr skuleår). I nokre høve vert det også gitt eit behovsprøvd stipend. Heimebuande elevar får eit utstyrsstipend. Gå på på lanekassen.no og sjå på kalkulatoren der som kan gi retningslinjer på kor mykje eleven kan rekne med. Beløpa vert justert frå år til år.
For endeleg søknad i Lånekassen, vert det opna for Framnes medio juni. Me godkjenner når elev har søkt (får elektronisk varsel). Spør oss gjerne om det er uklare ting.

Pc-ordninga ved Framnes
Dei som vil ha pc gjennom Framnes si pc-ordning, må kvart år betale ein sum som tilsvarar den lågaste satsen på utstyrsstipendet, som ein kan søkje Lånekassen om. Det er knytt vilkår til kjøp og bruk av slik pc. Alle nye søkjarar som tek mot plass, vil få orientering om ordninga. Skulen sender ut eit informasjonsbrev i slutten av mai månad.
Pcen er eleven sin etter tre år. Sluttar eleven før tre år er gått, må han kjøpe den til ein pris som er maksimum tre gonger utstyrsstipendet.