Skulereglementet ved Framnes KVGS

1. SKULEREGLEMENT

Innleiing:
Framnes er ein kristen vidaregåande skule, og dette skal prega både skule og fritid. For ein elev som er tatt inn i den vidaregåande skulen, kan dei generelle rettar og plikter samanfattast slik:
* Eleven har krav på undervisning, hjelp og rettleiing i samsvar med dei føresegner som gjeld for skuleslaget til ei kvar tid.
* Eleven vert medlem av eit samfunn som består av elevane og personalet ved skulen.
* Eleven har medansvar for å skapa eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer.
* Eleven pliktar å rette seg etter vedtak i lovar, reglement og instruksar.

1.1 Frammøte:
a) Eleven møter presis til morgonsamlingane og undervisninga,  og tar del i undervisninga i den forma ho vert gjeven.
b) Eleven møter presis til undervisninga.
c) Dersom ein elev er borte frå prøvar og ikkje leverer heimearbeid, kan han måtta møta til  individuelle prøver som er nødvendige for å ha karaktergrunnlag.
d) Eksternatelevar som er sjuke, skal sende ein SMS om dette til husmor sin mobiltelefon.

1.2 Fråvær/permisjon:
a) Alt fråvær skal registrerast. Eleven har sjølv ansvar for å dokumentera årsaka til fråværet.
b) Planlagt fråvær/permisjon skal meldast til skulen på førehand. Fråvær på 1 – 5 skuledagar skal godkjennast av kontaktlærar. Fråvær over 5 skuledagar skal godkjennast av rektor.
c) Studiearbeid som er godkjent av faglærar eller rektor, skal ikkje bli rekna som fråvær.
d) Eleven bør føra si eiga fråværsbok. På den måten vil elevane få større ansvar for sin eigen arbeidssituasjon og eiga læring.
e) Stort fråvær, uansett grunn, kan føra til at ein  manglar grunnlag for å gi vurdering med karakter.

1.3 Undervisningsutstyr:
Eleven har ansvar for å skaffe seg alt nødvendig undervisningsmateriell, og å bruka t.d. gym-tøy, verneutstyr i fag der dette er eit krav.

1.4 Ordenselev:
Klassestyrar har ansvar for å setja opp liste over ordenselevane i klassa. Ein skiftar ordenselev kvar veke. Ordenseleven si oppgåve er å opna vindauge i friminuttane, vaska tavla og elles hjelpa til med å halda klasserommet fint og ryddig. Vikar for ordenselev er den som hadde dette oppdraget veka før.

1.5 Oppslag:
Elevar og interessegrupper ved skulen skal bruka dei oppslagstavlene som står til rådvelde for dei. Inngangsdøra skal ikkje brukast til oppslag. Alle oppslag skal godkjennast og stemplast av skulen.

1.6 Vanleg orden og høveleg framferd:
a) Eleven skal vera med å skape trivsel og arbeidsglede og ta omsyn  til dei andre på skulen.
b) For å skapa trivelege arbeidsforhold er det viktig at alle er med på å halda det  reint og ryddig på skulen og skuleområdet.

1.7 Rusmiddel, tobakk, snus.
a) Det er totalforbod mot alkohol og andre rusmiddel. Det er forbode å ha med seg og bruke rusmiddel, eller å vera påverka av rusmiddel på skulen. 
b) Framnes legg vekt på eit røykfritt miljø. Det er derfor berre lovleg å røykja på ein tilvist plass på skuleområdet.
c)  Det er forbudt å nytte snus i skuletimane.

1.8 Dans/diskotek:
Dansetilstelling/diskotek er ikkje tillate på skulen.

1.9 Kontakt og samarbeid mellom skule og heim:
Foreldre er alltid velkomne til å ta kontakt med skulen. I tillegg vert det arrangert foreldrehelg to gonger i året, ei samling om hausten og ei om vinteren/ våren. Det vert då sett av tid til samtale med personalet ved skulen. Det vert arrangert eit foreldremøte for kvar klasse der foreldra vel ein representant (og ein vara) til å møte i foreldrerådsutvalet.

2. BROT PÅ SKULEREGLEMENTET

2.1 Tiltak og sakshandsaming:
a) Ein ser det som sjølvsagt at alle elevane gjer sitt beste for å skapa eit positivt læringsmiljø i klassa. Dersom dette ikkje skjer, og det oppstår konfliktar, skal læraren først prøva å løysa forholdet i dialog med den eleven det gjeld.
b) Dersom det ikkje lar seg gjera å ordna forholdet på lågaste nivå, blir eleven sendt til inspektør/rektor som kan gi påtale og/eller åtvaring.
c) Dersom ein umyndig elev bryt reglementet på same eller liknande måte som han tidlegare har vorte refsa for med påtale, kan skulen senda skriftleg melding om dette til foreldre og føresette. Det same kan skje dersom eleven blir stengd ute frå undervisning resten av dagen.
d) Dersom ein elev i lengre tid viser ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro, eller når ein elev i alvorleg grad forsømmer pliktene sine, bryt skulen sine reglar eller gjer noko straffbart, kan rektor stengja eleven ute frå skulen i opp til 5 dagar.
e) Oppbevaring og bruk av stoff/narkotika vil bli meldt til politiet og eleven vil bli vist bort frå skulen.
f) Bortvising kan ankast til Fylkesmannen.
g) Fylkeskommunen kan i svært alvorlege tilfelle visa eleven bort frå resten av skuleåret. Då er departementet klageinstans.
h) Når det gjeld sakshandsaminga og dei rettane og pliktene som eleven, foreldre/ føresette og skulen har, viser ein til Forvaltningslova kap. IV og VI, Privatskulelova § 3.10.
i) Før eventuelle refsingstiltak vert avgjort, skal eleven ha høve til å forklare seg overfor den som skal ta avgjerda.