PERSONVERNERKLÆRING FOR ELEVAR OG SØKJARAR TIL ELEVPLASS

All informasjon som vert samla inn av Framnes kristne vidaregåande skule er gjeve frivillig med det formålet at Framnes skal kunne yte rette tenester for den enkelte.

Innsamling og behandling av personopplysningar knytta til skuledrifta

Søkjarar til skule og internat

Formålet med innsamlinga av opplysningane er å kunne yte naudsynte tenester i samband med elevopptak og opptak til internatet. Søkjar oppgir sjølv informasjonen i søknadsprosessen.

Ved innsøking til skulen og internatet må søkjar oppgi naudsynt kontaktinformasjon om seg og sine foresatt(e), og eige fødselsnummer. Fødselsnummeret er naudsynt for sikker identifikasjon og stadfeste at eleven har rett til skulegang. I tillegg må søkjar oppgi kva utdanningsløp ein ønskjer hos oss, namn på skulen ein er elev ved, og søkjar må ettersende karakterer frå den skulen han/ho har gått på for at søknaden skal kunne handsamast.

Opplysningar om søkjarar vert sletta frå søkjarregisteret innan 01. oktober det påfølgjande skuleåret.

Elevar ved skulen

Søkjarar som takkar ja til skuleplass vert registrert i skulen sitt administrative program for handsaming av elevar og deira skulegang ved Framnes kristne vidaregåande skule. Alle personopplysningar som eleven har gitt i søknadsprosesessen vert registrert.

Ved skulestart vert det teke bilete av elevane. Biletet vert nytta i elevguiden. Dersom ein ikkje ønskjer at det skal takast bilete, kan ein takke nei til det. Ein kan også reservere seg mot at biletet vert nytta etter at biletet er teke.

Undervegs i skuleløpet vert det registrert vurderingar om orden, åtferd og det enkelte fag som eleven deltek på.

Framnes kristne vidaregåande skule registrerer også opplysningar som gjeld orden og åtferd på internatet. Slike opplysningar vert samla inn for å kunne regulere avtale forholdet mellom eleven og Framnes.

Sensistiv informasjon

Når det er sakleg behov for det vil skulen be om informasjon som er sensitiv eller personleg på annan måte for å kunne gi tilrettelagt undervisning eller på andre måtar oppfylle vår plikt. Slik informasjon kan t.d. vere legeerklæringar eller andre sakkunnige vurderingar og vert samla inn etter samtykke frå den enkelte elev.

Slik informasjon vil også kunna bli delt med andre instansar som lege/anna helseteneste eller OT/PPT når det er gitt samtykke til det.

Sensitiv informasjon vert lagra i eleven si elevmappe i låsbart skap.

Ved opphøyr av elevforholdet

Når ein elev sluttar ved skulen for å begynne på ein anna skule, vert alle karakterene og andre relevante saksdokument oversendt til den nye skulen.

Etter endt skuleløp vert både undervegsvurderingar, standpunkt- og eksamenskarakterer lagra permanent saman med opplysningar om fåvær o.l. Dette vert gjort for å kunne skrive ut ny dokumentasjon for tidlegare elevar som t.d. har mista tidlegare utskriven dokumentasjon eller som ønskjer dokukmentasjonen oversatt til anna språk.

Opplysningar frå sakkunnig innstans vert også lagra permanent som dokumentasjon for at skulen har oppfylt sine krav til undervisning.

Opplysningar om økonomi vert lagra og sletta i samsvar med rekneskapslova.

Opplysningar som gjeld oppholdet ved internatet vert sletta innan 1. oktober i skuleåret etter.

Overføring av opplysningar til Elevlaget ved Framnes

Skulen sitt elevlag ønskjer kontaktinformasjon til elevar som har gått ved Framnes kristne vidaregåande skule. Dette for å kunne sende ut informasjonsbladet Ljosglytt og invitere til elevstemne.

Framnes vil derfor be avgangselevane om samtykke til å overføre kontaktinformasjon om namn, adresse, telefon og epostadresse til Elevlaget. Dette vert gjort i siste del av skuleåret i VG3.

Eksterne aktørar som samlar inn eller registrerer og lagrar personopplysningar knytt til skuledrift
Framnes kristne vidaregåande skule nyttar tenester frå eksterne aktørar (tredje part) for å registrere opplysningar om søkjarar, elevar og dei som bur på internatet. Dette gjeld personopplysningar, opplysningar om internatplassen og økonomiske forhold. Sensitiv informasjon og informasjon som er knytta til eleven sitt opphold ved internatet vert ikkje registrert eller handsama hos tredjepart.

Tenesteleverandørane er Kvam rekneskap AS, Barman Hansen AS, Canvas, og Medianord AS. Alle har signert avtale om databehandling.

Innsamling og behandling av personopplysningar knytta til anna drift

Skulen leiger ut heile eller deler av skule- og internatanlegget etter avtale. I slike samanhengar kan Framnes vere heilt eller delvis databehandlar for den som leiger anlegget. Framnes bed då om opplysningar om namn, adresse, telefon og epostadresse. Dersom mat og overnatting inngår i bestillinga, hentar skulen inn opplysningar om diettar og eventuelle spesielle behov som gjeld overnattinga.

Alle opplysningar vert sletta innan tre månadar etter at arrangementet er avhalde.

Ansvarleg sakshandsamar

Rektor er ansvarleg for den daglege handsaminga av personopplysningar og at ho vert gjennomført etter gjeldande retningslinjer.