Programfag for idrettsfag


5t Toppidrett fotball
5t Toppidrett volleyball
5t Individuell toppidrett (krav om å vera aktiv, ha konkurranseerfaring og personleg trenar)
5t Breiddeidrett fotball/volleyball/innebandy/telemark i ulike kombinasjonar. (Pluss smakebitar av andre idrettar.)
5t Friluftsliv (Vg2 og Vg3)

Dersom du er glad i trening og fysisk aktivitet, kan idrettsfag vera noko for deg. Du får tilbod om praktiske idrettsfag kombinert med andre teoretiske fag slik at du får generell studiekompetanse. Enkelete av tilboda er avhengige av at det er nok utøvarar i idretten.

Utdanningsprogrammet har som føremål å gje elevar med interesse for idrett ei allsidig idrettsutdanning, samt å gje talentfulle idrettsutøvarar moglegheit til å kombinera utdanning med toppidrett. Det gjev grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, særleg innanfor barneidrett.

Treningsfasilitetar
Me har ein ny idrettshall, Framnes Arena, med mange flotte fasilitetar: full handballbane, innandørs kunstgrasbane og stort styrkerom. Sjå bilete her.

Toppidrett fotball ved Framnes vidaregåande skule har fotballtreningane på Norheimsund stadion i Norheimsund. På vinterstid trenar me i fotballhallen i Framnes Arna. Framnes samarbeider også med lokale idrettslag som du kan bli medlem av.

Tilbod innan toppidrett
Toppidrett ved Framnes kristne vidaregåande skule er eit tilbod for deg som ønskjer å driva idretten din til noko meir enn mosjonsnivå. Me tilbyr trening i skuletida og oppfølging frå lærarar og trenarar. Fleire av lærarane har erfaring frå toppidrett.

Me følgjer også opp elevar som går eigne løp innanfor andre idrettar, for eksempel friidrett. Me stiller krav om at du både er aktiv og har erfaring frå idretten din. I tillegg må du ha ein personleg trenar som står ansvarleg for at du trener rett for å få den utviklinga som du ønskjer. På Framnes vil du få oppfølgjing av ein lærar som samarbeider med den personlege trenaren din. Ta gjerne kontakt med skulen dersom du har spørsmål til dette.

Toppidrett fotball og volleyball
Toppidrett kan bli eit viktig steg for deg som drøymer om å driva idrett på høgt nivå. Du får kvar veke tilbod om 5 timar med trening i skuletida. Denne treninga er fordelt på to dagar.

Tilbod innan breiddeidrett
Breiddeidrett ved Framnes kristne vidaregåande skule er eit tilbod for deg som ønskjer å ha fokus på fleire idrettar. Breiddeidrett er eit praktisk fag. Du kan velja om du vil halda fram med programfaget i Vg2, eller om du vil gå over på eit av dei andre valfrie programfaga.

Om hausten vel du kva idrett du skal ha hovudvekta på: fotball eller volleyball. På vinteren vel du om du skal ha hovudvekta på innebandy eller telemark. Det vert også lagt inn andre idrettar og aktivitetar i dei ulike periodane.

Tilbod innan friluftsliv
Friluftsliv er eit valfritt programfag som du kan velja på VG2 og VG3. Det er eit praktisk fag som omfattar tre helgeturar i ulike naturmiljø, telemarkundervisning på vinteren og mange praktiske økter utandørs.

Det blir gitt god opplæring i kajakk og du vil få Våttkort (nybyrjarkurs). Det blir teoriundervisning på hausten der me lærer om aktuelle og spennande tema som f.eks. mat på bål, rett bruk av klede og skredlære. Faget er veldig populært blant elevane her på Framnes. Turane me dreg på er varierte og fantastisk flotte!