Studiespesialisering Vg1

Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskule og universitet. Det første året har du berre fellesfag. Det andre året vel fordjuping innan eit av programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Det er ein god idè å sjekke grundig kva fag som krevst for å komme inn på dei ulike studia dersom du veit kva du vil bli.

Du kan velja mellom følgjande programområde når du byrjar på VG2/VG3:

A) Realfag (t.d. matte, fysikk, kjemi, biologi)
B) Språk, samfunnsfag og økonomi (t.d. engelsk, sosialkunnskap, media og psykologi)

Du kan i tillegg velge toppidrett fotball eller toppidrett volleyball.

Fellesfag
5t Engelsk
4t Framandspråk *
5t Matematikk praktisk
5t Naturfag
4t Norsk
2t Kristendom

* Har du hatt framandspråk på ungdomsskulen kan du fortsette med spansk II eller tysk II i Vg1 og Vg2. Har du ikkje hatt framandspråk i ungdomsskulen må du på Framnes ha tysk I i alle tre åra.