Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Om lag 220 bur på internatet. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger.Me ynskjer å drive ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø. Alle skal trivast på Framnes. Miljøarbeidarar saman med tilsette frå pedagogisk avdeling legg til rette for at du kan ha noko kjekt å fylle fritida med på Framnes.
På kveldstid kan du velje mellom bibelgrupper, lovsongsmøter, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro i gymsalen, seminar, konsertar m.m. Framnes har symjebasseng, gymsal, buldrevegg, styrkerom, peisestove, fleire piano, utandørs fotballbane, sandvolleyballbane, brygge med stupebrett, naust som inneheld klassesett med kanoar og kajakkar.Idrettslaga i Kvam har tilbod i mellom anna fotball, volleyball og handball. Det er kort veg til skisenter både i langrenn og alpint/telemark.