Internatskule i Hardanger
Framnes kvgs ligg vakkert til på ei eiga halvøy i Hardanger. Her kjem du tett på både fjord og fjell. På halvøya bur det ca. 250 elevar på internat.
Skulen ligg 4 km frå Norheimsund sentrum, og ein og ein halv time frå Bergen.
Framnes kvgs
Har du tenkt å ta studiespesialiserande eller idrettsfag? Ynskjer du å gå på vidaregåande skule med 270 andre elevar, og bu på internat med 250 av dei? Ynskjer du å gå på ein skule med idrettshall og beachvolleybane? Ynskjer du å gå på ein kristen skule der målet er at alle opplever tryggleik, meistring og omsorg? Ynskjer du å ha tilgang til fjorden og fjellet heile året? Då er truleg Framnes skulen for deg.