Jobbe på Framnes?

Det er for tida ingen ledige stillingar på Framnes KVGS, men ta gjerne kontakt dersom du er interessert i Framnes som framtidig arbeidsplass!

Støttespillere


imf
imf_ung
imf
omgud
imf
imf
Lærer entreprenørskap PDF Skriv ut E-post
Nyhende
Skrevet av Lars Arvid Oma   
fredag 18. mai 2012 09:36
grunder_4161Framnes har dei siste åra hatt eit tett samarbeid med gründeren Geir Jonassen frå Lysekloster. Han har vore på besøk på skulen og har halde føredrag om prosessen rundt det å starte eiga verksemd. 10. mai var det nytt møte med gründeren, der elevar frå 1A, 1B og 2C fekk innblikk i entreprenørskap, frå idéutvikling til forretningsplan, marknadsføring og økonomi. (les meir under!)

Foto: Elisabeth Myrlid Eide

Sjå fleire foto HER!

Les mer …
 
Siste friluftstur med "gjengen" PDF Skriv ut E-post
Nyhende
Skrevet av Lars Arvid Oma   
fredag 11. mai 2012 08:42

bogeskytingLes kva Ingrid Flotve og Kristiana Zuarina skriv om den siste friluftsturen til årets 3.-klassingar, og sjå bileta til Kristina Ingvaldsen og Sunniva Lie Nese!

"The last friluftstur"

Helga 4.–6. mai var det klart for den siste friluftslivturen til 3.klasse. Fredag reiste me til Langøy på Sotra og sette opp lavvo på ein nydeleg plass ved sjøen. Bogeskyting var den første aktiviteten me fekk prøva oss på. Etter ein god middag hadde me teambuilding med forskjellige aktivitetar. Me vart delt inn i grupper og laga naturbilde, leita etter nugatti- og leverposteiboksar og kasta støvel på ein innvikla måte. Kvelden vart avslutta med framføringar om flod og fjære og skjeltypar, og til slutt eit ord for dagen. (les meir under!)

Sjå fleire foto HER!

 

Les mer …
 
Nyrestaurerte stolar PDF Skriv ut E-post
Nyhende
Skrevet av Lars Arvid Oma   
fredag 11. mai 2012 08:08
nye_stolarStolane i peisestova på Framnes har fått ei kraftig oppjustering. I staden for å kjøpa nye er dei gamle stolane frå 1994 lakkerte og trekte om. Nytt stoff i sete og rygg, og nylakkert treverk, gjer dei gode som nye. Arbeidet er gjort hjå Helland Møbler AS. Restaureringa kostar 144.000 kroner, noko som er om lag halvparten av det nye tilsvarande stolar kostar. I tillegg vert 117.000 kroner av summen betalt av Framnesforeininga. Med andre ord, skulen kjem billeg frå oppjusteringa, og ein har klart å unngå ”bruk og kast”. (les meir under)

 

Les mer …
 
Situasjonsrapport frå opptaket PDF Skriv ut E-post
Nyhende
Skrevet av Lars Arvid Oma   
fredag 11. mai 2012 08:17
Elevopptaket er godt i gang og vi gler oss over det gode søknadsgrunnlaget me har å ”ta av”, etter tidenes beste søkning til Framnes KVGS. Dersom du framleis lurer på om Framnes kan vera noko for deg, så har me akkurat no nokre få plassar på Vg 2 studiespesialiserande fag. Skuleleiinga oppmodar elevar som ynskjer plass på Framnes til å følgja med utover sommaren, når fellesopptaket i offentleg skule føregår. Det kan skje endringar, noko som gjev grunn til å søkja – særleg på Vg2 og Vg3.

Søknadsskjema finn du HER.

 
Vann kajakk PDF Skriv ut E-post
Nyhende
Skrevet av Lars Arvid Oma   
fredag 04. mai 2012 08:45
Ingvill Sørheim, lærar på Framnes, vart trekt ut som den heldige vinnaren av hovudgevinsten i lotteriet til Misjonsprosjektet. Ein flott ny havkajakk. Gratulerer!
Her er lista over dei 12 vinnarane:
  1. Kajakk: Ingvill Sørheim, Framnes.
  2. Måleri: Ingeborg Haar Galtung, Vikøy.
  3. Veggklokke: Familien Opsahl-Engen, Framnes
  4. Grytesett: Ragnvald Kåre Kleppe, Framnes
  5. StenaLine gavekort: Ann M. Hopland, Foldrøyhamn
  6. Saueskinn fra Møgster: Bodil og Gunnar Opstebø, Tysse
  7. Familiemiddag: Anita Espevik, Framnes
  8. Bilpakke: Heidi Kvanndal, Norheimsund
  9. Håndballtrøye: Misjonsprosjektet
  10. Håndballtrøye: Misjonsprosjektet
  11. Enjo renholdspakke: Ingvill Sørheim, Framnes
  12. Polermaskin: Misjonsprosjektet

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Side 1 av 12
RocketTheme Joomla Templates