misjonsprosjeket2017

Misjonsprosjektet på Framnes for 2017/2018 skal arbeida for Mental helse i Nepal, eit arbeid som Himalpartner driv i det vakre og fattige landet ved Himalaya. Det har komande russekull på Framnes bestemt.

Nytilsett innsamlingsleiar i Himalpartner, Line Konstali frå Lørenskog, og lege/psykiater Hans Kristian Maridal frå Molde, (biletet) hoppa av glede då eit stor fleirtal av elevane stemde for å støtta arbeidet med styrkja eit svært dårleg utvikla helsetilbod for psykisk sjuke menneske i det hardt prøva landet.

– Prosjektet går kort fortalt ut på ei todelt satsing. For det første arbeider Himalpartner for å byggja opp eit nytt senter i hovudstaden Kathmandu der ein kan gje god behandling av psykisk sjuke og trening i praktiske ferdigheiter. For det andre skal me lære opp helsearbeidarane i allmennhelsetenesta i behandling av psykisk sjuke. Undersøkingar viser at kvar fjerde pasient som møter på eit vanleg legekontor har psykiske vanskar, fortel Maridal, som sjølv arbeider med fagfeltet heime i Molde.

Himalpartner har Matrika Devkota med seg på laget, ein nepaleser som sjølv har erfart psykisk sjukdom og som har arbeidd hardt og lenge for å få slutt på diskrimineringa av menneske med psykiske lidingar. Han har vunne prisar for innsatsen sin og har ei høg stjerne hjå styresmaktene.

– Me skal gå til styresmaktene og presentera planane våre, fortel Maridal vidare.

Målet er å få i gang eit samarbeid som kan vera effektivt for dei mange med psykiske lidingar.

– Tilbodet for psykisk sjuke i Nepal er nærast lik null. I eit land på nær 30 millionar menneske er det berre éin barnepsykiater, og har landet har berre eitt psykiatrisk sjukehus – med 40 senger. At elevane på Framnes vil støtta dette arbeidet betyr enormt mykje for ein mellomstor organisasjon som Himalpartner, seier Konstali.

 

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

 

Det kjem meir info om prosjektet etter kvart!