Rutine for elevinntaket ved Framnes kristne vidaregåande skule
1 Ansvar og gjennomføring av inntak
a) Rektor er ansvarleg for inntaket.
b) Individuelt inntak vert administrert inntakskomiteen og ved behov i samråd med ressursteamet.
c) Ordinært inntak vert administrert av inntakskomiteen som består av rektor, studieinspektøren og skulesekretæren.
d) Inntakskomiteen møtast til inntaksmøte når rektor eller studieinspektør bestemmer det.
e) Det skal førast referat frå alle inntaksmøte.
f) Inntaksmøtet bestemmer kor mange søkjarar som skal få tilbod om plass.
2 Kven som kan bli elev
a) Skulen har godkjenning for elevar med rett til vidaregåande opplæring.
b) Framnes Kristne Vidaregåande Skule har heile landet som inntaksområde.
c) Skulen er open for alle søkjarar som fyller vilkåra og krava for inntak etter Privatskulelova § 3.1 om vidaregåande skular. Skulen er ikkje godkjent for å ta i mot vaksne søkjarar.
For å bli elev ved skulen kan ein søkje om inntak etter individuelle vilkår eller ordinært inntak. Det er særlege vilkår knytt til å kunne søkje om inntak etter individuelle vilkår.
2.1 Søkjarar til VG1
2.1.1 Inntak på individuelle vilkår.
Søknadsfrist 1. februar.
Kven kan søkje om inntak etter individuelle vilkår?
a) Framnes kristne vidaregåande skule tek imot elevar som skal ha kompetansebevis, og som har mål om å kunne fungere best mogleg i ein tilrettelagt kvardag etter avslutta vidaregåande opplæring.
b) Skulen tek også imot elevar som ønskjer studiekompetanse, og som av ulike årsaker ikkje har karakterar til å kunne konkurrere med (dvs. manglar karaktergrunnlag i meir enn halvparten av faga), men likevel har som mål å skaffe seg studiekompetanse.
Krav for å bli vurdert individuelt.
Ungdomsskulen/kommunen må ha meldt eleven opp til fylket og oss innan 1. oktober for at me skal kunne førebu eit forsvarleg inntak og gjere ei individuell vurdering. Under særlege omstende kan ein vurdere å sjå bort frå regelen om 1. oktober når det er forhold som er utanfor eleven sin kontroll, og som er dokumenter av ein sakkunnig instans.
For alle søkjarar gjeld det også at det må ligge ved sakkunnig vurdering frå kommunen si pedagogisk- psykologiske teneste som grunngir og dokumenterer eleven sitt behov for individuell vurdering til inntak i vidaregåande opplæring.
Fortrinnsrett.
Søkjarar som vert funne kvalifiserte etter individuell vurdering, vil ha fortrinnsrett ved inntaket.
2.1.2 Inntak på ordinære vilkår.
Søknadsfrist 1. mars. Søknadar etter fristen vert sett på venteliste og vurdert når skulen har oversikt over eventuelle restplassar. Vanlegvis er dette ikkje før i august.
Grunnlag for å bli teken inn som elev.
Elevane vert tekne inn på skulen etter karakterar. Det må sendast ved ei rettkjent karakter-utskrift frå skulen, signert av kontaktlærar. Alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar tel. Framnes reknar eit gjennomsnitt av karakterane med tre desimalar.
Karakterutskrifter med feil eller manglar vert forkasta. Det er søkjar sitt ansvar å sjå til at karaktergrunnlaget er i orden. Framnes vil etterspørje dokumentasjon berre når me meiner det er naudsynt.
2.2 Søkjarar til VG2 og VG3
Elevar som søkjer om inntak på individuelle vilkår, brukar same framgangsmåte som under punkt 2.1.1 Inntak på individuelle vilkår.
Elevar som søkjer om ordinært inntak, må sende ved rettkjent karakterutskrift frå skulen for det førre skuleåret, signert av kontaktlærar. I tillegg må karakterar frå termin 1 det inneverande skuleåret leggjast ved. Alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar tel. Framnes reknar eit gjennomsnitt av karakterane med tre desimalar.
Karakterutskrifter med feil eller manglar vert forkasta. Det er søkjar sitt ansvar å sjå til at karaktergrunnlaget er i orden. Framnes vil etterspørje dokumentasjon berre når me meiner det er naudsynt.
3 Prioritering ved oversøking
Ved rangering innanfor kvar av prioriteringane, gjeld rangering etter beste karakter, når ikkje anna er sagt. Dersom fleire elevar har den same karaktersnittet vert det føreteke loddtrekning.
Det gjeld eit generelt prinsipp om prioritering mellom dei som søkjer om plass på internatet, og dei som skal bu annan stad: Når det er fullt på internatet, kan elevar som ikkje skal bu på internatet verte prioriterte til inntak på skulen. Dersom internatet ikkje vert fullt, kan elevar som søkjer om internatplass bli prioriterte.
Born av personalet har prioritert plass til skulen, men ikkje til programområde.
Følgjande rekkefølgje gjeld ved prioritering:
a) Eigne elevar (gjeld inntak til VG2 og VG3).
b) Søkjarar med fortrinnsrett.
c) Born av personalet på Framnes.
d) Søkjarar med dokumentert prestasjonar på krins-/landslagsnivå i dei idrettane skulen gjev tilbod om. (Gjeld berre søkjarar til idrettsfag.)
e) Nye søkjarar.
4 Anke ved avslag
a) Ankeinstans er departementet.
b) Ei anke skal sendast til Framnes kristne vidaregåande skule ved rektor.
c) Rektor vidaresender anka dersom ho ikkje vert teken til følgje.