Prisar 24/25

Prisane er oppgjevne pr månad. Skuleåret er på 10 månadar.

SKULEPENGAR 2024/25

Det er litt ulike satsar fordi det er noko dyrare å drive idrettsfag enn studiespesialisering. Idrettsfaga har fem ekstra undervisningstimar pr. veke.
Alle må i tillegg til skulepengene betale eit husleigetilskot på kr. 450,- pr. mnd., jfr. Forskrift til privatskolelova §10-1.

a) Skulepengar pr mnd for studiespesialisering: kr 1930,-

b) Skulepengar pr mnd for idrett: kr 2100,-

c) Husleigetilskot vert fastsett til kr. 450,- pr mnd

PRISAR FOR INTERNATET 2024/2025

Store enkeltrom m. bad frå kr 7590,- til kr 7690,- pr mnd

Store enkeltrom u. bad frå kr 7050,- til kr 7590,- pr mnd

Små enkeltrom frå kr 6910,- pr mnd

Dobbeltrom utan bad og med bad kr 6360,- til kr 6790,- pr mnd

TILLEGG FOR DEI SOM TRENG SPESIELL DIETT (PR.MND)

Cøliaki: kr: 1130,-
Spelt+laktosefritt: kr: 820,-
Laktosefritt/melkefritt: Kr: 510,-
Vegetarkost: Kr: 620,-

Skulen tilbyr ikkje vegankost.

STIPEND I LÅNEKASSEN

Eleven som bur på internat har rett på bortebuarstipend (i 2023-24 ca 58.000,- pr skuleår). Alle kan få utstyrsstipend som er på omlag kr. 1100,- pr år. Dette vert utbetalt ved skulestart. I nokre høve vert det også gitt eit behovsprøvd stipend. Gå på på lanekassen.no og sjå på kalkulatoren der som kan gi retningslinjer på kor mykje eleven kan rekne med. Beløpa vert justert frå år til år.

For endeleg søknad i Lånekassen, vert det opna for Framnes medio juni. Me godkjenner når elev har søkt (får elektronisk varsel). Spør oss gjerne om det er uklare ting.

PC-ORDNINGA VED FRAMNES

Dei som vil ha pc gjennom Framnes si pc-ordning, må kvart år betale ein sum som tilsvarar den lågaste satsen på utstyrsstipendet, som ein kan søkje Lånekassen om. Det er knytt vilkår til kjøp og bruk av slik pc. Alle nye søkjarar som tek mot plass, vil få orientering om ordninga. Skulen sender ut eit informasjonsbrev i slutten av mai månad.
Pcen er eleven sin etter tre år. Sluttar eleven før tre år er gått, må han kjøpe den til ein pris som er maksimum tre gonger utstyrsstipendet.