Framnesrussen sitt misjonsprosjekt
YWAM - MEDICALSHIPS - PAPUA NY-GUINEA
Årets prosjekt
Under leiing av Oline Koppang Skartland og Magnus Sunde skal Framneselevane i år samle inn pengar til eit helseprosjekt i Papua Ny-Guinea.
YWAM Medical Ships Norway er ei teneste under Ungdom I Oppdrag Norge. Dei jobbar i samarbeid med YWAM Medical Ships Australia for å levere helsetenester og samfunnsutvikling til avsidesliggande kystssamfunn i Papua Ny-Guinea
Vil du bidra til Misjonsprosjektet?
Hei! Russen på Framnes i år har eit misjonsprosjekt der vi samlar inn pengar isolerte folkegrupper i Papua ny Guinea i regi av organisasjonen Youth with a mission (YWAM). Russen på Framnes har sett seg eit mål om å samle inn 2,5 millionar kroner til dette prosjektet. Vil de vere på å gi ungdom moglegheit til å lære å ta ansvar, samarbeide og lede, samt bidra med helsehjelp til menneske i fattige og isolerte landsbyar i Papua Ny Guinea?
I Papua Ny Guinea bur mellom 80 og 90% av befolkninga i fattige strøk langt frå nødhjelp. Mangel på Infrastruktur gjer det vanskeleg for staten å gi dei den nødvendige helsehjelpa alle menneske har rett på. YWAM Medicalships jobbar derfor tett saman med styresmaktene i Papua ny Guinea for å dekke dette behovet. Dette gjer dei ved å sende medisinskipet sitt som er utstyrt med tannlegar, legar, operasjonsstover og vaksiner mot sjukdommar som malaria og tuberkulose til dei unådde folkeslaga og områda. Skipet er bemanna av frivillige eldsjeler som vil hjelpe folk i nød. Og gjennom arbeid ynskjer dei også å gjere Gud kjendt. Erfarne folk, med og utan utdanning, er med på skipet, og mange av desse er lokale som er blitt trent opp til å bidra. På skipsbesøkene får landbyane utstyr og opplæring til å klare seg betre sjølv. For meir informasjon om prosjektet gå gjerne på nettsida til YWAM Medicalships: https://www.ywamships.no/
Framnes KVGS er en kristen internatskule med rundt 300 engasjerte ungdommar. Kvart år går elevar samman for å jobbe mot prosjektet. Gjennom prosjektet får russekullet lære å ta ansvar, lede og gjennomføre små og store arrangement. Vi får også ta del i og jobbe for noko som er større en oss sjølve. Desse eigenskapane vil vere verdifulle seinare i livet, når vi skal bidra tilbake til lokalsamfunnet og samfunnet som heilskap.
Under foreldrehelga (24 okt) på Framnes skal vi arrangere eit Misjonsløp til inntekt for prosjektet. Nesten alle elevane på skulen spring løpet, samt nokre lærarar og foreldre. Sjølve løpet varer i 90 minutt og ein spring ei løype på omtrent 500 meter. Deltakarane av løpet samlar inn pengar ved å spørje familie, vennar eller lokale bedrifter om å bli sponsa som enkeltperson. Dei som vil bidra kan velje mellom å gi eit fast beløp eller eit rundebeløp, at ein får ein sum for kvar runde ein spring. I ettertid av løpet blir det sendt ut ein faktura til alle som har sendt inn at dei vil sponse. Seinare på dagen vil det også bli arrangert ein basar.
For å klare å gjennomføre løpet treng vi støtte frå sponsorar. Ved å bli sponsor støttar dykk ikkje bare eit viktig internasjonalt prosjekt. Dykk blir med på å skape engasjement blant ungdom og bidra til eit arrangement som samlar bode skulen og lokalmiljøet. Misjonsløpet er godt kjendt lokalt og engasjerer mange. Under løpet er elevar, lærarar, foreldre, sysken og andre besøkande til stades. Løpet blir også dokumentert på alle av Framnes sine sosiale medium, som til saman har rundt 10 000 fylgjarar. Støtta vil gå til kostnadar knytt til gjennomføring av Misjonsløpet, mellom anna premiar, utstyr og praktisk tilrettelegging. Vi ynskjer å samarbeide med bedrifter og enkeltpersonar som ser verdien av å investere i ungdom, lokalsamfunnet og eit prosjekt som gjer ein forskjell.
Kontakt oss dersom du har lyst til å bidra.
Framnesrussen
På Framnes er fokuset at elevane får ei meiningsfull russetid prega av samhald. Blikket rettast mot kva ein kan utrette for andre gjennom det tradisjonsrike misjonsprosjektet. Det målretta og motiverande arbeidet med prosjektet gjer at Framnesrussen kjenner mindre på det tradisjonelle presset som mange andre opplever i russetida.
Ei annleis russetid: Korleis kan vi hjelpe andre som ikkje har det like godt som oss
—Framnesrussen