Internat

Alle bygg på Framnes (bortsett frå Gamlesalen frå 1897) har namn som ender på «heim». Dei elevane som bur på skulen er fordelte på internatbygga «Framheim», «Nesheim», «Fjordheim», «Strandheim» og «Sjøheim». Det er ulik kvalitet og storleik på dei ulike internata, og komforten aukar etter som du blir flytta opp fra første- til tredjeklasse.

Skulebygg

Skulebygget heiter “Austheim” og rommar både klasserom, spisesal, kjøkken, auditorium, peisestove, hems, og ein gymsal-del som skal bli ny og moderne sommaren 2024.

Framnes Arena sto ferdig i 2017. Idrettshallen har standard handballbane med parkett (44×23), og fotballbane på 27×36 meter – med krøllgras som dekke.
I tillegg har hallen nytt styrkerom på 170 kvadratmeter og eit moderne klasserom.