Framnes KVGS er ein kristen internatskule, eigd av Indremisjonsforbundet (IMF) og Indremisjonssamskipnaden (IMS). Skulen ligg idyllisk plassert på ei halvøy i Hardangerfjorden, vel tre kilometer frå Norheimsund sentrum. Skulen har om lag 270 elevar, fordelt på studiespesialiserande og idrettsfag. Dei fleste elevane bur på internatet, men nokre bur heime..
Ledig lærarstilling ved Framnes Kristne Vidaregåande Skule
For skuleåret 2025/26 søker vi etter lærar i 80-100 % midlertidig stilling, med moglegheit for forlenging. Vi ser spesielt etter lærar som kan undervise i faget Entreprenørskap og bedriftsutvikling (programfag vg2 og vg3 på studiespesialiserande retning), gjerne i kombinasjon med andre samfunnsfaglege fag. Ulike fag kan vere aktuelle. Søkarar som ønskjer deltidsstilling kan også søke.
Til stillinga ser vi etter deg som har relevant høgare utdanning, er utviklingsorientert og opptatt av elevane si læring, har gode samarbeidsevner og er glad i ungdommar. Som lærar på Framnes KVGS tar du del i det sosialpedagogiske arbeidet ved skulen, mellom anna i form av tilsynsvakter. Du må vere lojal mot skulen sitt verdigrunnlag, og kunne arbeide i samsvar med dette.
Vi kan tilby:
· Løn etter KS-regulativ.
· Ein fantastisk elevflokk som trivst svært godt på både skulen og internatet.
· Eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø, som ser med forventning fram til nye kollegaer.
Har du spørsmål om stillinga, ringer du til studieinspektør Sverre Lindøy (tlf. 996 42 442) eller sender e-post til sverre.lindoy@framnes.vgs.no
Søknadsfrist: fredag 4.april.