Visjon

«Framnes kristne vidaregåande skule er ein inkluderande skule og heim der alle trivest, blir møtt med tillit og respekt og får vener for livet. Elevane opplever personleg vekst, fagleg utvikling og eit godt åndeleg fellesskap».

Verdiar

Framnes – ein skule for fellesskap, framtid og vekst.

Dette vil me strekkje oss mot gjennom verdiane våre:
Meistring – me arbeider for at alle skal oppleva meistring, fagleg og sosialt.
Omsorg – me arbeider for at alle skal oppleva å bli sett og møtt der ein er i livet.
Tryggleik – me arbeider for at alle skal oppleva ein god og trygg fellesskap.

Kva kan me tilby deg?
Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Over 200 bur på internatet. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger.
Me ønskjer å drive ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø. Me har som mål at alle skal trivast på Framnes. Miljøavdelinga saman med tilsette legg til rette for at du kan ha noko å fylla fritida med på Framnes. På kveldstid kan du delta i bibelgrupper, kristne møte, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro på ulike arenaer og anna. Noko skjer i regi av skulen, noko i regi av elevane.

Framnes har ein heilt ny idrettshall for idrettsglade ungdommar. Me kan også tilby noko for den musikkinteresserte. Framnes samarbeider godt med fleire aktørar i bygda og det er kort veg til fleire skisenter i langrenn og alpint/telemark.