Åpenhetsloven

Arbeid etter åpenhetsloven

Framnes er ei foreining leia av eit styre. Foreininga er oppretta for å driva livssynsbasert vidaregåande skule. Rektor er dagleg leiar og utfører arbeidet sitt etter arbeidsomtale og delegasjonsreglement. Framnes er vidare delt i fire avdelingar, pedagogisk, kjøkken, internat og vedlikehald med kvar sine avdelingsleiarar som også arbeider etter eigne arbeidsomtalar. Alle tilsette på dei ulike avdelingane har eigne arbeidsomtalar. Alle har avtale om arbeidsforholdet.

Mål og verdiar for arbeidet

Framnes etterstrebar å etterleve dei lovane og forskriftene som gjeld vårt skuleslag. Me aksepterer ikkje ulovleg diskriminering. Framnes lønar etter KS sitt regulativ og gir lik lønn for likt arbeid. Framnes har også unge miljøarbeidarar som arbeider eitt år mot gratis kost og losji og lønn som tilsvarar 1/3 av ufaglært arbeidar. Framnes arbeider for å ha eit fysisk og psykisk arbeidsmiljø som opplevast som trygt og godt, og har fokus på at den enkelte sitt personvern skal ivaretakast på beste måte. Framnes held menneskeverdet høgt. Me ønskjer velkommen eit breitt spekter av tilsette med ulikt funksjonsnivå og kulturell bakgrunn. Framnes ønskjer å bidra til at menneskerettane vert etterlevd både hos oss og våre leverandørar. Eit reint miljø og eit berekraftig samfunn er også verdiar som me etterspør, utdannar til og ønskjer å etterleve.

Aktsomhetsvurderingar

Aktsomhetsvurderingsrapport 2024