Skulereglar for
Framnes kristne vidaregåande skule

§ 1 Formål

Formålet med skulereglane er å sikre at alle på skulen, både elevar, lærarar og føresette, har ei felles forståing av rettar og pliktar i skulekvardagen, og dessutan kva tiltak som kan setjast inn ved eventuelle brot på reglane.

Skulereglane skal på same måte som anna pedagogisk arbeid i skulen, fremje respekt, samarbeid, medverknad og eit trygt og godt skulemiljø, jfr Opplæringslova § 12-2.

Reglane skal bidra til at

· elevar og føresette viser engasjement og tek ansvar.
· elevar og føresette får vera med på å planleggja, gjennomføra og vurdera verksemda til skulen.
· elevane får oppfylt retten sin til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

§ 2 Verkeområde

Skulereglane gjeld for Framnes kristne vidaregåande skule.

Skulereglane gjeld i skuletida når skulen har ansvar for elevane. Det vil seia i alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteareal og når elevane har undervisning andre stader enn på skuleområdet, til dømes på leirskule og på andre turar i regien til skulen. Uansett tid og stad gjeld skulereglane ved bruk av dei digitale løysingane til skulen.

Reglementet kjem også til bruk utanfor skuletida, f.eks på skulevegen, føresett at åtferda til elevane har tilstrekkeleg tilknyting til skulen. Dette kan f.eks vera situasjonar der nokre elevar krenkjer andre elevar, og dette fører til at elevar ikkje har det trygt og godt på skulen.

§ 3 Organisering av skuledemokratiet

Skulen skal sørgja for at elevane og foreldra får vera med på å planleggja, gjennomføra og vurdera skuleverksemda, mellom anna arbeidet med skulemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjing av skulereglar, jf. privatskulelova § 5A-4.

Ved skulen skal det vera eit elevråd.

Ein representant frå elevane har rett til å vera til stades på møte i styret til skulen. Representanten har her rett til å seia meininga si og få denne tilført protokollen. Ved behandling av saker der det gjeld ei lovfesta teieplikt, må elevar under 18 år forlata møtet til styret.

§ 4 Orden

Nedanfor følgjer kva som vert rekna som god orden i undervisningstida ved Framnes.

Det er forventa at elevane er merksame i timane og bidreg til ein god læringssituasjon for seg sjølv og medelevane.

Elevane skal

a) Møta presist til undervisning. Det betyr at det vert ført ordensmerknad når eleven kjem for seint til timen. Meir enn 20 minutt for seint blir rekna som fråvær frå timen. Det skal ikkje førast merknad når det opplagt at forholdet ikkje kan lastast eleven.
b) Møta til varsla prøve (småprøvar og heildagsprøvar). Skulen reknar det som meir alvorleg når eleven vel å ikkje møte til vurderingssituasjonar enn når ein er borte frå ein time.
c) Følgja skulen sine reglar for melding av fråvær og følgje med på eige fråvær.
d) Møta førebudd til opplæringa.
e) Ha med nødvendig utstyr.
f) Gjera arbeid til rett tid og overhalda fristar.
g) Halda orden.

§ 5 Åtferd

Reglane for åtferd omfattar heile skulekvardagen. Eksempel på dette er i undervisningstida, i fritimar og andre pausar (t.d. lunsjpause), på skuleveg eller turar i skulen sin regi. Reglane gjeld også korleis me møter kvarandre i sosiale medium.

Elevane skal visa alminneleg god åtferd, under dette

· vera til stades i opplæringa.
· behandle medelevar, tilsette og andre som elevane møter i skulekvardagen med respekt uansett kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering m.m.
· bidra til eit godt skulemiljø.
· vise respekt for andre både i språkbruk (unngå banning og anna grovt språk) og handling
· retta seg etter beskjedar frå  dei tilsette ved skulen.
· ta godt vare på skulebygningen, inventaret til skulen, lærebøker, undervisningsmateriell og andre eigedelar slik at dei ikkje blir utsette for øydeleggingar, hærverk eller unødvendig slitasje og forbruk.
· vise nettvit og følgje dei til kvar tid gjeldande reglane for bruk av mobiltelefonar, datautstyr og digitalt utstyr på skulen.
· følgja reglane i skulen for bruk av hjelpemiddel som datamaskiner og spesialutstyr.
· følgja andre reglar som er fastsette, t.d. i klasserommet, i idrettshallen eller på uteområdet.

Åtferd og framferd som ikkje blir akseptert:

a) Mobba eller på andre måtar krenkja andre.
b) Utøva eller truga med fysisk vald.
c) Fuska eller prøva å fuska.
d) Ha med, bruka eller vera påverka av alkohol, narkotika eller andre rusmiddel.
e) Røykja eller bruka e-sigarettar/tobakk/snus.
f) Ha med og/eller nytta farlege gjenstandar.
g) Bruka plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet.
h) Dele bilete, videoar eller lydfiler av andre elevar, barn eller vaksne utan samtykke.
i) Oppsøkja nettsider eller offentleggjera innhald av rasistisk, nazistisk, pornografisk eller på annan måte krenkjande karakter på dei digitale einingane til skulen og nettverk.
j) Forstyrra undervisninga, til dømes med bruk av elektronisk utstyr.

§ 6. Tiltak ved brot på skulereglane

Alle tiltak ved brot på skulereglane skal vera slik at elevane forstår kva reglar som er brotne og kvifor skulen må reagera på dette. Sanksjonane skal stå i rimeleg forhold til kva eleven har gjort, og tiltak bør komma så nær regelbrotet i tid som mogleg. Elevane har i tillegg eit eige ansvar for å følgje med på merknadar so vert gjevne på Iskole.

Handsaming av uønska framferd.

Skulen vil alltid først søkja å bruka dialog som hovudverktøy for å rettleia eleven og støtte den sosiale og emosjonelle utviklinga til eleven. Skulen følgjer ei trinnvis tilnærming ved behov for tiltak, med følgjande rekkjefølgje:

A. Rettleiing og åtvaring.
· Ein munnleg samtale eller åtvaring vil bli gitt ved mindre brot på reglane, der eleven får rettleiing om kvifor handlinga var uheldig, og korleis ho kan forbetrast.

B. Skriftleg åtvaring.
· Ved fleire eller meir alvorlege brot vil det bli gitt ei skriftleg åtvaring, og føresette vil bli involvert.
· Føresette blir oppmoda til å ha ein samtale med eleven heime. I denne samtalen bør dei reflektera over det som har skjedd saman, og komma med konkrete tiltak for passande konsekvensar og ein plan for vidare oppfølging i heimen. Det er ønskjeleg at desse tiltaka blir delte med skulen, slik at heim og skule kan samarbeida om å støtta den sosiale og emosjonelle utviklinga til eleven.

 C. Inndraging av gjenstandar m.m.
· Misbruk av mobiltelefon eller andre gjenstandar vil føra til at desse blir inndregne i ein avgrensa periode.
·  Ved gjenteke misbruk av gjenstandar som nemnt i punktet over kan skulen bestemma at eleven ikkje får lov til å ta med slike til skulen i ein bestemt periode.
· Ulovlege rusmiddel og ulovlege gjenstandar skal inndragast og overlatast til politiet. Straffbare forhold vil bli meldt.
· Dersom skulen inndreg røyk/tobakk/snus eller alkohol frå umyndige elevar, skal desse gjenstandane som hovudregel blir levert til foreldra.

D. Tiltak ved alvorlege brot.
· Ved alvorlege hendingar, som mobbing, vald eller trakassering, vil skulen setja i verk strakstiltak i samsvar med handlingsplanen for eit trygt skulemiljø.

E. Bortvising.
· Ved alvorlege brot på skulereglementet kan bortvising vurderast i samsvar med privatskulelova § 3-10. Ein elev skal ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege. Føresette skal få beskjed ved bortvising av elev.
• Lærar kan bortvise frå eiga undervisningsøkt, inntil to klokketimar (jf psl 3-10) og varslar føresette om dette.
• Dagleg leiar gjer vedtak om bortvising inntil 5 dagar. Departementet er klageinstans.
• Heimfylket til eleven kan bortvise eleven frå skulen for resten av skuleåret. (slikt vedtak kan ikkje gjerast viss skulen allereie har gitt ei anna straff for same misferd). Departementet er klageinstans.

F. Skulebytte.
Ved gjentekne alvorlege brot, eller viss andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, kan skulebyte vurderast.
I saker om skulebyte er det, i samsvar med privatskulelovas § 2-4, heimkommunen til eleven/heimfylke som gjer vedtak. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter opplæringslova § 13-2 om skulebyte.

G. Melde til politiet.
Ved svært alvorlege/straffbare hendingar kan saka meldast til politiet.

Fastsetjing av karakter.

Brot på skulen sine reglar for orden og åtferd kan få konsekvensar for eleven sin karakter i orden eller åtferd.

Tilsette fører merknadar når ein vurderer at eleven ikkje utviser god orden eller åtferd. Merknadar skal åleine ikkje avgjere karakteren. Tilsette rapporterer også uønska hendingar som ikkje nødvendigvis kan samlast i merknadar, t.d. uhøvisk åtferd under lunsjen i matsalen.

Den samla skjønsmessige vurderinga av eleven sine merknadar avgjer kva karakter eleven får God, Nokså god eller Lite god.

§ 7. Rettane til elevane

Eleven har rett til å få opplæring i samsvar med privatskulelova og godkjend læreplan.

Elevane har rett til eit trygt og godt fysisk og psykososialt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring, jf. privatskulelova § 2-4 som viser til opplæringslova kap. 12.

Elevane har rett til å bli høyrd og delta aktivt i utforminga av reglar og skulemiljø, jf. privatskulelova §§ 5A-2, 5A-4 og 5A-5.

§ 8. Pliktene til elevane

Det er fastsett i privatskulelova § 5A-6 at elevane skal vera aktivt med i opplæringa og følgja skulereglane.

Elevane skal visa respekt og omsorg for medelevar og alle dei tilsette til skulen og bidra til å skapa eit inkluderande og trygt læringsmiljø.

Elevane kan bli pålagde å gjera oppgåver utanom skuletida (lekser).

§9 Akutte reaksjonar frå tilsette

Når det er påkravd, har tilsette plikt til å gripa inn fysisk for å hindra skade, jf. privatskulelova § 3-10b. Dette gjeld når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege for å hindra at ein elev

· krenkjer ein person fysisk eller utset seg sjølv for fysisk fare.
· skader eigedom.
· viser ei åtferd som er sterkt nedrande for eleven sjølv.

Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast. Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter privatskulelova § 3-10b.

Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep som beskrive ovanfor, skal melda frå om dette til dagleg leiar, jf. privatskulelova § 3-10c. Dagleg leiar skal melda frå til foreldra til eleven. Dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven fleire gonger, eller inngrepet er særleg alvorleg, skal dagleg leiar melda frå til styret for skulen.

Skulen skal dokumentera alle fysiske inngrep med ein kort omtale av hendinga og inngrepet frå tilsette som vart utførte, jf. privatskulelova § 3-10c. Dokumentasjonen skal også omfatta synet til eleven på saka.

§ 10. Saksbehandling

Merk at berre rektor kan vedta bortvising, men at rektor ved Framnes har delegert til faglærar å kunne bortvise for inntil 2 timar i sitt fag. (opplæringslova § 13-1).

Dei mest alvorlege sanksjonane ved brot på skulereglane er så inngripande mot elevane at det må fattast enkeltvedtak (forvaltningslova § 2). Dette krev skriftleg vedtak som inneheld grunngiving og skildring av klageretten til eleven. Elevane har rett til å bli høyrd før det blir teke ei avgjerd om tiltak.

Det normale vil vera at dei tilsette ved skulen handterer brot på skulereglane gjennom samtale med involverte elevar og eventuelt føresette og med korrekt saksbehandling.

Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak, og reglane i forvaltningslova gjeld, jf. privatskulelova § 3-10. Eventuell klage på avgjerda blir sendt til skulen, og dersom skulen ikkje gjer om vedtaket om bortvising, går saka til Statsforvaltaren.

I alle saker som blir behandla etter desse skulereglane, skal omsynet til eleven sitt beste vera eit grunnleggjande omsyn, og skulen skal ivareta retten eleven har til å bli høyrd, jf. privatskulelova § 5A-1 og § 5A-2.

Eleven sine føresette skal få informasjon om innhaldet i saka og avgjerda som skulen har teke. Ved alvorlege brot på ordensreglementet bør informasjon givast før eventuelt tiltak blir sett i verk. Ved mindre alvorlege regelbrot skal informasjon givast så snart som mogleg etter hendinga.

§ 11. Delegering av myndigheit til skulane

jf. privatskulelova § 5-2 andre avsnitt bokstav d

§ 12. Ikraftsetting

Reglane erstattar tidlegare reglar om orden og åtferd.

Reglane er vedtekne i styret for Framnes kristen vidaregåande skule

Reglane gjeld frå: Straks

Lovgrunnlag: Privatskulelova §§5A-1 m.fl.
Utarbeidd etter mal frå Kristne Friskolers Forbund
Reglane [er vedtekne] skal vedtakast  i styret for Framnes kristne vidaregåande skule
Dato: 02.12.2024