Studiespesialisering

Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskule og universitet. Det første året har du fellesfag. Det andre året vel du fordjuping innan eit av programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Det er ein god idè å sjekke grundig kva fag som krevst for å komme inn på dei ulike studia dersom du veit kva du vil bli.

Du kan velja mellom følgjande programområde når du byrjar på VG2/VG3:

A) Realfag (t.d. matte, fysikk, kjemi, biologi)
B) Språk, samfunnsfag og økonomi (t.d. engelsk, sosialkunnskap, media og psykologi, entreprenørskap)

Valfrie fag frå idrett

I tillegg til å ta studiespesialisering kan du velje ulike praktiske idrettsfag.

Me tilbyr toppidrett fotball og volleyball frå VG1, og i tillegg friluftsliv frå VG2.