Internatskule

På Framneshalvøya bur det ca. 250 elevar på ulike internat, fordelt på enkelt- og dobbeltrom.

I hovudbygget er det matsal der alle måltid serverast. Framnes har og eigen idrettshall med handballhall, innandørs fotballhall og styrkerom.

Vi veit ikkje om nokon anna skule med finare utsikt!

Å bu på ein internatskule byr på både gleder og utfordringar. For mange er det ein overgang å ta ansvar for klesvask og andre praktiske oppgåver. På internatet kjem ungdommane tett på kvarandre, det er sosialt og mange får vener for livet. I starten er det mykje nytt å bli kjend med, og mange nye rutinar som skal inn i kvardagslivet. Miljøarbeidarane våre har som hovudoppgåve at elevane skal trivast på Framnes. Internatleiarane lærer ungdommane å bu på internat, og passar på når nokon vert sjuke eller lengtar heim.

Internat Framheim